Phonofestivalen 2010

Siste saker

Søk

Musikk

Frivillig

Phonofestivalen søker frivillige til årets festival.

Vi trenger

  • Artistkontakter
  • Sjåfører
  • Kokker
  • Fotografer
  • Skribenter
  • Plakatopphengere
  • Vakter
  • Sekreteriat
  • Rabaldergruppe
  • Send en mail til frivillig@phonofestivalen.no

Arkiv

Kontakt

  • leder at phonofestivalen.no
  • nestleder at phonofestivalen.no
  • pr at phonofestivalen.no
  • booking at phonofestivalen.no
  • kultur at phonofestivalen.no
  • frivillig at phonofestivalen.no

Sponsorer

Sponset av Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Auto 23, Bergen Travel Hotell Sponset av SiB



Kultur & samfunn

Om ein høyrer på Studentradioen i Bergen, er det ikkje berre musikk ein høyrar. Det er kultur, debatt, anmeldingar, repotasjar og alt anna som kan vere på ein studentradio. Derfor er det naturleg at Phonofestivalen ikkje berre er musikk, men alt det andre ein får høyre på Studentradioen òg. Med dette presenterer vi årest kultur- og samfunnsprogram.

Prøverommet

THESE BOOTS ARE MADE FOR?

Mandag 6. september kl. 20.00 i Tivoli

Dans. Teater. Performance. Billetkunst. Litteratur. Film. Installasjon. Musikk. Skulptur. Foto. Test. Famling. Forsøk. Freisting. Panikk. Pirring. Prestasjon. Presentasjon. Preprosjekt. Prosjekt. Prøve. Rom.

PrøveRommet er ei multikulturell hending som tek stad annankvar måndag i sesongen til BIT Teatergarasjen. På PrøveRommet kan ein i uformelle og sosiale omgjevnader fylgja med på noko av det som rører seg på undergunnscena i Bergen. Innhaldet varierer frå gong til gong, og her vert alt frå idéar og utdrag til ferdige prosjekt presentert. PrøveRommet har eksistert i over 10 år og har fastsett sin posisjon som ein unik og viktig aktør i Bergensk og vestlandsk kunst – og kulturliv.

Første Prøverommet dette semesteret er i samarbeid med Phonofestivalen, mandag 6. september kl. 20.00. Det vi veit heilt sikkert denne kvelden er at vi får radiocafé frå Studentradioen i Bergen og opning av årets festivalutstilling med festivalkunstnar Klara Sofie Ludvigsen. Men kva anna du får sjå veit vi ikkje før kvelden kjem, PrøveRommet sitt program vert til undervegs og alle er velkomne til å ta kontakt og komma med forslag til innslag – profesjonelle kunstnarar, semi-profesjonelle, kvasi-profesjonelle, studentar, glade amatørar og elles andre med eksponeringsbehov og noko på hjarta.

Ta kontakt med koordinator | Kirsti Aksnes
E-post: proverommet@bit-teatergarasjen.no | Telefon 55 23 22 35 | 45 24 34 91
www.proverommet.no

Studentersamfunnet

TEKNOLOGISK KLØFT

tirsdag 7. september kl. 18.00 i Tivoli

teknologisk kløft

Verda i dag vitnar om skilnadar mellom menneske, kor ulike ressursar og økonomisk framgang aukar gapet mellom fattige og rike. At det eksisterer ei kløft mellom u-land og i-land er ikkje noko nytt. Men ettersom samfunnet baserer seg meir og meir på teknologiske løysingar som ikkje alle land i verda få ta del i, har det oppstått ei teknologisk kløft blant verda sin folkesetnad.
Ein av fordelane til Vesten er tilgangen på databaserte tenester. Utviklingsland har derimot ikkje nødvendigvis dei same IT- resursane til råds som elles forenklar kvardagen, frigjer resursar og er miljøvenlege.

Grøn IT er eit prosjekt som vert kalla IKT- bransjen sin felles dugnad for et betre miljø. Ein ser for seg at grøn IT både kan redda verda frå klimakrisa og minska den teknologiske kløfta i verda. Grøn IT ynskjer å bidra slik at utviklingsland også opplever teknologisk framgang og dermed minska kløfta som har oppstått ettersom den teknologiske innovasjonen har skote fart.
Ved å ha grøne IT- løysingar som vert premierte med poeng ut i frå den grøne utviklingsmekanismen (CDM credits), får bedrifter insentiv til berekraftig teknologiutvikling i u-land. På denne måten får utviklingsland tilgang på teknologi basert på grøn IT. Noko som ifylgje IKT Noreg gjer at CO2- utsleppa i verda kan reduserast betrakteleg. Smart bruk av IT kan til dømes redusera utsleppa frå sektorar som transport, bygg, energi og offentleg sektor.
Kan grøn IT vera løysinga på den teknologiske kløfta og bidra til å redda verda frå klimakrisa?

Innleiar: Benedicte Fasmer Waaler, IKT- Noreg
Møteleiar: Mildrid Kyte

www.samfunnet.uib.no

Bergen filmklubb

ODDSAC

Onsdag 8. september kl. 18.00 i Tivoli

Det amerikanske bandet Animal Collectve har laga denne psykedelisk
eksperimentelle filmen kalla ODDSAC, kor det vusuelle blir akkompagnert av
musikken til bandet. Detten filmen var vist for første gong under Sundance
film festival i januar i år, og Phonofestivalen bekjent er ikkje denne
filmen vist i Noreg tidlegare. Filmklubben sin leiar omtaler denne filmen
som ein film med masseindiehipsterappell, men kva gjer vel det?

www.bergen-filmklubb.no/

Studia

GENERASJON SEX

Torsdag 9. september kl. 18.00 på Studia/Studentsenteret.

«Elise har nettopp fylt seksten. På den lysegrå joggebuksa hennes står det ’foxy’ med rosa løkkeskrift over baken. Skjæringen på bh-en synes godt gjennom den trange toppen. Håret er lyst og kvikke blå øynene er klare til kamp. Hun utbryter: ’Jeg bryr meg ikke. Noen ganger er jeg bare så drita at jeg ikke merker at noen ligger med meg, ikke sant? Det var akkurat det som skjedde i helga. Jeg var på fest. Sovna, også våkna jeg opp uten truse.’»
Møt Generasjon Sex. Jenter som synes det er bedre å bli klapsa på rumpa enn å bli oversett, legger ut puppebilder av seg selv på nettstedet deiligst.no og tar angrepillen som en selvfølge.

I møte med dagens unge jenter ble feministen Hannah Helseth rådløs og målløs.
Med utgangspunkt i egne erfaringer beskriver Hannah Helseth den moderne kvinnens ambivalente frigjøring. Dette er en bok om overgrep og kjærlighet, erobring og sårbarhet, og om å aldri knipe igjen – mens man passer på ryktet sitt.

Hannah Helseth er sosiolog og skribent. Hun er en toneangivende feminist og har deltatt i en rekke tv og avisdebatter, bla. Skavlan, RedaksjonEN og Dagsnytt 18
Arrangementet er ett samarbeid med Phonofestivalen og Studentersamfunnet.

www.studia.no/arrangementer

Immaturus

KLØFT DEG LITT NED!

Torsdag 9. september kl. 19.30 i Storelogen

I år tar studentteateret Immaturus og Phonofestivalen opp igjen samarbeidet.
Immaturus har tidligere stilt med egenskrevne teaterstykker til festivalens
tema. I år har danseteateret vårt tatt seg av oppgaven. I løpet av
sensommeren og tidlig høst komponerer de en forestilling i tråd med årets
spennende festivaltema KLØFT.
KLØFT DEG LITT NED! Er en danseforestilling om livets kløfter- Hva er
kløften i deg? Knaskje du er påtoppen nå, men hva skjer når man går nedover?
Eller du er nede og på vei opp?

www.immaturus.kvarteret.no

Studentradioen i Bergen

RADIOKAFÉ

Mandag 6. september kl. 21.00 i Tivoli
Torsdag 9. september kl. 21.00 i Foaje i 3. etg
Laurdag 11. september kl. 21.00 i Foaje i 3. etg

Studentradioen i Bergen + Phonofestivalen = Radiocafé!
Tradisjonar er koselege, og tradisjonen tro held studentradioen
radiocaféar under festivalveka. Kanskje får du ein smakebit av artistar
som skal spele seinare? Kanskje er det konkurransar å vinne? Kanskje får
du sjå ei kløft eller to? Det som er heilt sikkert er at du får ikkje
berre høyre, men sjå radio i live på kvarteret desse dagane.
www.srib.no

Festivalkunstnar

KLARA SOFIE LUDVIGSEN

Utstillinga finn stad på Kafé Knøderen

Klara Sofie Ludvigsen er utdanna fotokunstnar ved Kent Institute of Art and Design i England. Ho arbeider med fleire medium som video, installasjon og maleri, men
alltid med fotografi som utgangspunkt. Tematikken i verka hennar dreier
seg om det å vere menneske, noko ho eksperiementerer med gjennom ulike
former for portrett. Foruten om eiget arbeid er ho del i fleire
samarbeidsprosjekt. Mellom anna 1+1=11 der ho arbeider med fotografi og
video i scenekunstsamanheng.

For Phonofestivalen seiar Klara Sofie at ho “lagar oljemalerier med
utgangspunkt i fotografi som eg fant i ein pose etter mormor�?. I tillegg
får vi og sjå ein installasjon med akvarium og fotografi. Utstillinga blir
presentert under prøverommet og held fram heile festivalveka. For dei som
ikkje kan vente med å sjå utstillinga, kan Klara Sofie sin blogg friste,
han finn du her: http://www.klarasofie.com






Design av LeikDesign, koding av Tanketom. All tekst av Phonofestivalen.